Valstyret

Valstyret er ansvarleg for gjennomføring av kommunestyre- og fylkestingsval, stortingsval og eventuelle folkeavrøytingar.

Valstyret er ansvarleg for at valoppgjer føregår på riktig måte og handsamar klage på gjennomføring av kommunestyrevalet. Valstyret oppnemner nye varamedlemer til kommunestyret i samband med uttreden.

Etter vallova skal det i kvar kommune vera eit valstyre, valt av kommunestyret. I Tysnes er det formannskapet som er oppnemnt som valstyre. Valstyret sin leiar er ordførar.

Valstyret er oppretta med heimel i valgloven §4.1 jf kommunelova §10. Dei vanlege sakshandamingsreglane i kommunelova om opne møte, annonsering av møte osb. gjeld for valstyret sine møte. Valstyret har som oftest møta sine på same dag som formannskapsmøta. Møta blir annonsert på nettsida.

Kontakt oss

Administrasjon

Telefon: 53437000
Telefax: 53437011
E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal