Bustøtte

15. 12. 16

Bustøtte er ei behovsprøvd statleg støtteordning for dei som har lav inntekt og høge buutgifter.

Husbanken og kommunen samarbeider om bustøtteordninga. Husbanken fattar vedtak, men det er kommunen som handsamar søknaden og har all kontakt med deg som søkjer.

Kvar  er bustøttekontoret i kommunen?

Rådhuset, Uggdalsvegen 301, 5685 UGGDAL

Sjekk om du kan få bustøtte (lenkje til http://www.husbanken.no/bostotte/hvem-kan-fa-bostotte/ )
På Husbanken sine nettsider kan du sjå kven som kan få bustøtte, kva krav som gjeld for bustaden og kva inntektsgrenser som gjeld. Du kan og prøve bustøttekalkulatoren.

Søk bostøtte (lenkje til http://www.husbanken.no/bostotte/slik-soker-du/ )

Søknadsfristen for bustøtte er den 25. kvar månad. Utbetaling skjer ca. den 20. i påfølgjande månad. Viss du får innvilget bustøtte, vert søknaden din overført til neste månad. Får du avslag fordi du har høg inntekt ein månad, vert søknaden din overført til neste månad automatisk.

Meld frå om endringer (lenkje til http://www.husbanken.no/bostotte/meld-fra-om-endringer/ )

Du har plikt til å melde frå dersom det er endringa i nokon av opplysningane du har gjeve i søknaden. Sjekk alltid at det er brukt riktige opplysninger i vedtaket du får.

Klage på vedtak om bustøtte (lenke til http://www.husbanken.no/bostotte/slik-klager-du-pa-bostotte/ )

Dersom du mener noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker etter du mottok vedtaket.   

Mer informasjon
Du finn meir informasjon om bustøtte på husbanken.no (lenkje til http://www.husbanken.no/bostotte/). Du kan og vende deg til kommunen for å få hjelp og rettleiing.

Regelverk