Eigedomsskatt 2023

I kommunestyremøte 15.12.2022 vedtok kommunestyret at Tysnes kommune skal skriva ut eigedomsskatt på alle bustadeigedomar, fritidseigedomar og næringseigedomar i kommunen og fastsette eigedomsskatten for 2023 til 3,0 promille for alle eigedomar utan bruk av botnfrådrag. Skattesats for «særskilt skattegrunnlag» (tidlegare verk og bruk) skal vera 4 promille. Eigedomsskatten vert skriven ut i samsvar med eigedomsskattelova.

Taksten er sett etter at eigedomar med bygg er synfart i samsvar med rammer og retningsliner for taksering og vedteken av sakkyndig nemnd i møte 17.02.2022. Rammer og retningsliner for taksering i Tysnes kommune finn ein på heimesida til Tysnes kommune.

 

Takseringsmetode

Taksten på eigedommen er mellom anna vurdert på bakgrunn av verdianalyser av området, faktaopplysningar om bygningar og skjønnsmessige vurderingar av kvar enkelt eigedom.

Sakkunnig nemnd har vedteke sjablongverdiar for bygningar og tomtar. Takstane er vedtekne av sakkunnig nemnd.

 

Fritak frå eigedomsskatt

Enkelte eigedomar skal ha heilt eller delvis fritak frå eigedomsskatt. Eigar/fester som meiner dei skulle hatt fritak, men ikkje har fått det, kan søkja om fritak. Eige søknadsskjema ligg på kommunen si heimeside.

 

Offentleg ettersyn

Skatteliste og fritaksliste ligger tilgjengelig i 3 veker frå 1. mars i resepsjonen i Rådhuset.

 

Klage på eigedomsskattetaksten

Frist for klage på ny takst er 6 veker frå 1. mars. Klagen skal vera skriftleg, innehalda ei nærare grunngjeving og underskreve.

Eventuell klage vert å senda til:

Tysnes kommune v/eigedomsskattekontoret, Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal, eller

post@tysnes.kommune.no

 

Kontaktinformasjon

Spørsmål kan rettast til

E-post:post@tysnes.kommune.no

Telefon 53 43 70 00  (måndag til fredag 09.00 – 15.00)

 

Eigedomsskatten vil verta fakturert saman med kommunale avgifter i 4 terminar i 2023.