Kulturskulen v4

Musikk- og kulturskule er eit tilbod til skuleelevar. Kulturskulen følger i all hovudsak skuleruta.

I menyen til venstre finn du oversikt over årets tilbod, lærarar og betalingssatsar. Søknadsskjema finn du under "skjema" til høgre.

Historie

Tysnes kulturskule vart oppretta i 1986 under namnet Tysnes kommunale musikkskule.

Hovudføremålet var å gje barn og unge høve til å læra å spela eit instrument, og å skaffa kvalifiserte instruktørar/dirigentar til frivillege lag. I dei siste åra har musikkskulane utvikla seg til å verta kulturskular, der andre uttrykk er komne til.