sfo

Skulefritidsordning

SFO og barn.jpgI utgangspunktet vert det gjeve tilbod om SFO ved alle skulane som har småskuleelevar. Men i følgje vedtektene må det vera minst 6 born som melder seg på før tilbodet vert etablert.  Utmeldingar i løpet av året kan også føra til at SFO-tilbodet vert redusert/lagt ned. For tida er det SFO-tilbod ved  Onarheim og  Uggdal  skule.  Uggdal skule har tilbod alle dagar.  Rektor ved den einskilde skulen kan gje nærare opplysningar om tilbodet.

Sfo takstar: Grå og med 01.01.2019

2255,- for full plass (kvar dag)

1425,- utan onsdagar

835,- for onsdagar

415,- for annakvar onsdag

Heil veke ved skulefri: 1033,-