Administrasjon

Rådmann Steinar Dalland

steinar---.jpgRådmannen er den øvste administrative leiaren i kommunen. Han er óg personalsjef og "formannskapssekretær". Rådmannen er utdanna cand. mag. i administrasjon-og organisasjonsvitenskap.

I sitt daglege virke er rådmannen lokalisert i sentraladministrasjonen. Denne delen av administrasjonen er samansett av formannskaps-/rådmannskontoret og økonomiavdelinga. Eigedomsskattekontoret ligg i dag i sentraladministrasjonen.

Kommunen si administrative organisering er i grove trekk slik:

Rådmannen har eit leiarteam på 6 personar: Rådmannen, ass. rådmann, dei tre etatsjefane og økonomisjefen.

Rådmannskontoret har følgjande hovudoppgåver:

  • Tilsyn med heile den kommunale forvaltinga og drifta
  • Samordna og koordinera kommunen si verksemd på alle område
  • Organisasjonsutvikling og personalarbeid
  • Løn
  • Planarbeid
  • Årsmelding
  • Budsjett
  • Økonomiplanarbeid
  • Næringsutvikling
  • Koordinering av flyktningarbeid
  • Kultur
  • Miljø
  • Eigedomsskatt

Sentraladministrasjonen har sekretærfunksjonen for kommunestyre, formannskap, valstyre, eldreråd, forhandlingsutval, administrasjonsutval, arbeidsmiljøutval, beredskapsråd, m.v.

Administrativ organisering

Tysnes har ein etatsstruktur, men med noko tilpassingar som følgje av endringar gjort med verknad frå september 2012.

Det har vore konstitueringar i landbruk-og teknisk etat og i helse- og sosialetaten. I landbruk og teknisk etat er det konstituert i deler av fagområde til etaten, medan det øvrige er lagt til rådmannen.

Slik er den administrative organiseringa:

xIhAFERJRAnE 4nl 8AjeTCAiIiI 6LTDACIiIqLTzv 8P 4xPktatLCKMAAAAASUVORK 5CYII=