Blå skule plukkar boss

185 000 kroner til Tysnes frå SIM sitt miljøfond

Blå skule, Båtlaget Njord/Tysnes og Solheimsdalen grendelag har fått støtte til sine prosjekt. 

- Dette var artig, me gler oss til å starte prosjektet, sier Terje Sløgedal som er faglærar for Blå skule.

Terje Sløgeda, faglærer Blå skulel

 

Han og elevane har fått støtte til eit prosjekt som skal tilby gratis kanoutleige til dei som vitjar øyen, mot at dei heldige kanolånerane oppfordras til å plukke boss i strandsona.

- Elevane på Blå skule er svært opptatt av marin forsøpling, og me stoppar ofte opp og plukkar med oss det som flyt i sjøen. I skrivande stund skal me ut og plukke boss på øyar og i vikar utanfor Våge og Solstråleøya. Me håper prosjektet vårt gjer at fleire vil være med å gjere dette, seier Sløgedal.

 

 


For 2020 har SIM tildelt desse prosjekta på Tysnes midlar:

BLÅ SKULE
35 000,-
Blå skule på Tysnes ynskjer å byggje ein solid bossdunk på Solstråleøya, i Tysnes
kommune. I samband med denne vil me gjerne tilby "gratis" utlån av kanoàr for å
oppfordre til å nyte naturen, samtidig som det blir tatt med boss frå viker og skjær
tilbake i bossdunken. Me vil sørge for å tømme dunken og bringe avfallet til
Eredalen

BÅTLAGET NJORD/TYSNES
100 000,-
Føremålet med eit friluftsområde i Peralio er å motivere til sosial aktivitet på tvers av
generasjonar, fremja sosial tilhørighet, vera fritt tilgjengeleg til eigenorganisert
utandørs aktivitet, fyrst og fremst for barn og unge og føre til samhald og fellesskap. I
tillegg vil området ha ei nær tilknytning til Våge og Våge Hamn. Dette vil også gjera
friluftsområdet tilgjengelig og attraktivt for tilreisande med båt i den varme årstida,
noko som igjen er med på å heva statusen til Våge som reisemål med båt.

SOLHEIMSDALEN GRENDELAG
50 000,-
Me planlegg no eit sanitæranlegg, inne i uthuset som allereie står på eigedomen. Det
vil soleis ikkje bli snakk om nye bygg eller noko som vil endra det autentiske preget
på staden. Uthuset inneheld også utedo, som me vil behalda, men me ser at ved besøk
frå omsorgssenter, sjukeheimar og liknande samt også av skulebarn er det ugreitt å
ikkje ha toalettfasilitetar. Me vil difor installere forbrenningstoalett og ein vask, i
isolert rom og med nytt støypt golv i uthuset. Rampe og ny dør vil sikra universell
utforming. To nye vindu, dører og bordkledning er også nødvendig.

SIM sitt miljøfond skal gå til tiltak som på ulikt vis gjev betre miljø for innbyggjarane i eigarkommunane til selskapet. 

Alle kan søkja midlar frå fondet. Til dømes: lag, organisasjonar, kommunar, verksemder eller privatpersonar.

Årleg søknadsfrist er 31. desember.

Sju lag og organisasjonar søkte om midlar for 2020. Dei som ikkje vart tilgodesett i år var Onarheim idrettslag, Hålandsneset grendalag, Onarheim bedehus og Tysnesfest. Me oppmodar både dei og andre til å søka igjen nest år.