Korona

Oppdatert informasjon om koronasituasjonen i Tysnes kommune.

Les mer
images

10 år sidan terrorangrepa 22.juli

22. juli blir det gjennomført nasjonale arrangement i Oslo og på Utøya og lokale markeringar mellom anna i Bergen. Det blir flagga ved Tysnes rådhus for å markere at det er ti år sidan terrorangrepa i Oslo og på Utøya.

Nasjonal markering

09.00-09.45 Markering i regjeringskvartalet
10.00-12.00 Markering i Oslo domkyrkje
13.00-14.00 Gudsteneste i Hole kyrkje
15.00-16.15 Markering på Utøya
19.55-21.30 Nasjonalt minnearrangement i Oslo
 
Fleire av arrangementa kan følgjast digitalt eller blir sendt direkte av NRK.
 

Markering i Bergen

13.30-14.30 Stille arrangement ved "Den blå steinen"
19.00-20.00 Digital minnekonsert
16.30-17.00 Minnemarkering på Torgallmenningen
17.30-18.15 Minnegudsteneste i Bergen domkyrkje
 

Markering i Sunnhordland

Stord: Kl. 17.00 i Stord kulturhus; kl. 18.35 avgang frå Stord kulturhus til Storddøra
 
For oversikt over alle arrangement i samband med 10 års markeringa  viser me til nettstaden for  22 juli-senteret