Vis fettvett

Vis fettvett

Feitt som tettar igjen avlaupsrøyr er eit aukande problem i Noreg, og særleg før jul med mykje steiking og baking.

Matfeitt som blir kasta i vasken eller i do er med på å tette dine eigne og kommunen sine avlaupsrøyr. Matfeittet er gjerne flytande når det vert vaska av eller slått ut i vasken, men stivnar når det vert kaldt og kan til slutt danne ein propp i avlaupsrøyra.

Her kjem eit par gode råd for å handtere fett frå matlaging:

  • La gryta stå til vatnet er kaldt og feittet har stivna. Då er det enkelt å skrape ut og kaste i bioavfallet.

  • Dersom du ynskjer det, kan du fryse ned feittet å bruka det til matlaging seinare. Feitt frå pinnekjøt er ein god smakshevar til ertesuppe og komler.

  • Fjern resten av feittet i gryta med eit tørkepapir og kast det i bosset.

  • Flytande fett tar du på ein tett behaldar, til dømes ein mjølkekarting, teip den igjen og hiv den i resteavfallet. Større mengder kan sjølvsagt leverast på avfallstasjonen.

 

Les fleire gode tips på fettvett.no