Korleis blir meddommar?

Innbyggjarane i Tysnes kommune blir oppmoda til å føreslå kandidatar til valet. Er du interessert? Gje oss ei tilbakemelding innan 1.mai 2020.

Dersom du ønskjer å vere meddommar kan du melde interesse ved å ta kontakt med Tysnes kommune på e-post: post@tysnes.kommune.no eller på telefon 53 43 70 00. Du blir kontakta av kommunen når arbeidet med rekruttering av meddommarar startar.

 

Kven kan bli meddommar?

Det er nokon lovfesta krav til kven som kan veljast til meddommar i Tysnes kommune. Du må vere:

  • Folkeregistrert i Tysnes kommune
  • Over 21 år og under 70 år, når valperioden startar 1.1.2021
  • Snakke og forstå norsk
  • Statsborgar i Norge eller eit anna nordisk land, eller vore innført i folkeregistreret som busett i Norge dei siste tre åra.

Utvala skal ha ei allsidig samansetting, slik at det best mogleg representerer alle deler av befolkninga. Unge og personar med innvandrarbakgrunn er underrepresentert, og blir særleg oppmoda om å melde si interesse.

Vidare stillast det krav til meddommarar sin lovlydnad, og vi gjer merksam på at det blir gjort ein vandelskontroll av kandidatane.

Sjå meir detaljert informasjon om kven som kan veljast her.

 

Meddommar i ting- og lagmannsrett

Meddommarar er vanlege innbyggjarar som er med på å ta svgjersler i rettsaker. Som meddommar kan du rekne med å bli innkalla ein til tre gonger i året. Dei fleste retssaker varer frå ein til tre dagar.

Vervet som meddommar er ei samfunnsplikt, og du vil normalt få fri frå jobb for å utføre vervet. Dersom du taper arbeidsforteneste, får du erstatning for dette.

Vervet består av meddommar i Haugaland tingrett eller Gulating lagmannsrett, inneber at du er ein av fleire som skal dømme ilag med juridiske fagdommarar. vervet som meddommar inneber at du saman med andre avgjer skuldspørsmål i straffesaker/jurysaker.

Her finn du meir informasjon om vervet som meddommar.

Meddommar i jordskifterett

Jordskiftemeddommar er vanlege innbyggjarar som har kunnskap om faget som blir handsama av jordskiftedomstolane. Som medlem av retten er det di oppgåve å vere med på å avgjere kva slags løysingar som skal veljast for bruk av eigedomar og bruksrettar, og eventuelt avseie dom i tvistar.

Jordskiftemeddommarar deltek som regel på synfaringar i skog og mark, og dei som veljast må kunne ferdast i terreng.

Du kan rekne med å bli plukka ut til teneste frå ein til fire gonger i løpet av perioden på fire år.

Her finn du meir informasjon om vervet som jordskiftemeddommar.

 

Skjønnsmedlemmer

Skjønnsmedlemmer er ein type sakkyndige meddommar som blir brukt i jordskifteretten, tingretten og lagmannsretten i rettslege skjønn. Slike skjønn er ei form for rettgang der føremålet som regel er å fastslå verdien av eller rettar i fast eigedom. Det er ingen øvre aldersgrense for vervet.

Her finn du meir informasjon om vervet som skjønnsmedlem.