Elsakervågen

Varsel om oppstart av detaljregulering for industriområde i Elsakervågen, Onarheim

I samsvar med § 12-8 i Plan og bygningslova, vil me med dette informere om at Omega Areal as på vegne

av Tysnes kommune skal utarbeide forslag til reguleringsplan for industriområde i Elsakervågen, gnr./bnr.

154/18-21, 25, 26 og gnr./bnr. 153/1, 16 m.fl i Tysnes kommune.

Planområdet går fram av vedlagte kart.

Varsel om oppstart er lagt ut på heimesida til Tysnes kommune og areal.omega.no/kunngjoringer.

Området er i arealdelen til kommuneplanen sett av til byggjeområde for industri, andre typar busetnad og anlegg og LNF-område. Området i sjø er sett av til kombinert føremål, samt at eit område er sett av til fiske. Gjeldande reguleringsplan for Langeland, gnr. 154 frå 1976 innanfor planområdet, og ny plan skal erstatta denne. Føremålet med planarbeidet er å leggje til rette for utviding av kai- og sjøareala der Alsaker Fjordbruk AS held til i dag og å legge føringar for resten av området. Utbering av tilkomstvegen (fv. 78) til industriområdet kan og bli aktuelt.

Delar av området som et tenkt sett av til industri er i kommuneplanen sett av til LNF-område. Sidan planforslaget ikkje er i tråd med overordna plan i heile området, skal det ved utarbeiding av planforslaget gjerast ei særskild vurdering i planskildringa av verknadane endringa vil ha for miljø og samfunn (konsekvensutgreiing).

For nærare informasjon kan du kontakta Omega Areal as, tlf 975 40 000.

Eventuelle merknader til oppstart av planarbeidet kan sendast til

Omega Areal as, Kvassanesvegen 4, 5582 Ølensvåg eller areal@omega.no - innan 18.07.2018.

Etter at meldingsfristen er ute vil sjølve planforslaget verte utarbeidd og innsendt til kommunen. Etter første gongs handsaming vert planen utlagt til offentleg ettersyn. Det vil då vere høve til å komma med eventuelle merknader og motsegn mot planforslaget før endeleg handsaming av planen.

Med venleg helsing

Omega Areal as

v/ Kjerstina Særsten

Kontakt oss

Administrasjon

Telefon: 53437000
Telefax: 53437011
E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal