Vald - godkjenning

Tenesteomtale

Retten til å jakte tilhøyrer i utgangspunktet grunneigaren. For å få løyve til å felle hjortevilt må valdet (det geografiske området der jakta skal vere) godkjennast. Valdet skal vere samanhengande og ha ei avgrensing og ei form som gjer det eigna til jakt. Eit vald kan ha ein eller fleire eigedommar.

Målgruppe

Grunneigarar/jaktrettshavarar

Kriterium/vilkår

Viltartar har ulike krav til areal. Det teljande arealet er lik talet på dekar av dei arealslaga som kvar art bruker regelmessig over fleire år. Kommunen avgjer kva som er minstearealet for at eit vald skal godkjennast.

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Du må sende skriftleg søknad med

  • opplysningar om kva for art eller artar søknaden gjeld for
  • kart som viser grensene for valdet 
  • oversikt over eigedommane som valdet omfattar (med gards- og bruksnummer) og storleiken på kvar eigedom 
  • oppgåve over teljande areal for den eller dei aktuelle artane 
  • skriftleg samtykke frå alle jaktrettshavarane i valdet 
  • namn og adresse på den oppnemnde representanten for valdet

Du kan òg nytte skjemaet under.

Saksbehandling

Kommunen/villreinnemnda skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen/villreinnemnda før klagefristen for vedtaket ender.

Saksbehandlingstid

Godkjenning av vald skal skje innan 15. juni.

Høve til å klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen/villreinnemnda vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen for vedtak som er gjort av kommunen, og Miljødirektoratet for vedtak som er gjort av villreinnemnda. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka gå vidare til klageinstansen.

Tjenesten oppdatert: 29.09.2017 16:30