Legekontor

Tysnes legekontor

Tysnes legekontor har som oppgåve å gje brukarane tilbod både i form av legetenester på dagtid og akutt hjelp på kveld og natt. I tillegg har legane tilsynsverksemd for pleie- og omsorgstenesta og konsultasjonar på helsestasjon for born og ungdom.

Pasientsky
Via Pasientsky, kan alle som har BankID logge seg på si eiga side hjå legekontoret.  Her kan ein tinge time, ha oversikt over respetar, vaksinar, faktura osb. På denne måten treng du ikkje stå i telefonkø for å bestilla legetime/reseptar.

Trykk her for å logge på di side.

Meir info om bruk av Pasientsky finn du her.
Pasientsky kan og lastast ned som App frå App Store og Google Play.

Fastlege.
Alle tre fast tilsette legar på kontoret er med i fastlegeordninga.

Dersom ein ynskjer å byta fastlege, kan ein nytta lenkja "Helse Norge" eller "Min fastlege" i menyet "Lenkjer" til høgre eller ringja fastlegekontoret i eige fylke på telefon 81059500.

Tysnes legekontor
har i dag tre fast tilsette legar, ein turnuslege og tre medarbeidarar. Kommuneoverlegen er leiar for heile helseavdelinga i Tysnes kommune.