Tysnes Rundt - Årbakka

Tysnes kystlag er tildelt kulturprisen for 2015

Kulturprisen 2015 vart tildelt til leiar i kystlaget Oddvar Meland og Vidar Rune Synnevåg under juleavslutninga i kommunestyret tysdag kveld. Ordførar Kåre Martin Kleppe sto for blomeoverrekking og av prisen, eit bilete «Gamlebåten», av Magne Kjellesvik.

Tysnes kystlag har i alle år lagt ned eit stort arbeid med å ta vare på kystkulturhistoria. Laget har vidareført viktig kunnskap om kystkulturen, handverk og tradisjoner m.a. gjennom fleire båtbyggjarkurs av færingar og kurs i sying av segl.

«Tysnes Rundt» med robåt har laget arrangert i 20 år. Kystlaget har vore sentral i utviklinga av Årbakka og kyst- og motorsamlinga i Smio. Gjennom alle år har Tysnes kystlag vore ein sentral samarbeidspartner under ulike kulturarrangement – sist under den offisielle opninga av Kystsogevekene. Laget er fast deltaker i kulturarbeidsgruppa i kommunen. Ein svært velfortent pris til Tysnes kystlag.

Kontakt oss

Administrasjon

Telefon: 53437000
Telefax: 53437011
E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal