Tysnes Frivilligsentral

logo kontakten.jpgFrivilligsentralane er i dag å finna over heile landet og er møtestader som formidlar kontakt mellom menneske i lokalmiljøet. Nokon treng hjelp og andre ønskjer å hjelpa. Over tid opplever mange at rollene skiftar. Frivilligsentralen sitt mål er å samordna den frivillige innsatsen som privatpersonar og organisasjonar i kommunen utfører, og dermed styrkja og fremja det frivillige arbeidet.

Dei fleste som er knytta til Frivilligsentralen brukar ca. 2 timar i veka på dette. Du bitt deg ikkje for lang tid - synest du arbeidet er gjevande, held du fram. Viss ikkje, bestemmer du sjølv kor lenge du vil vera knytta til Frivilligsentralen. Frivilligsentralane har vist seg å vera eit godt verkemiddel til å utløysa frivillig innsats i lokalsamfunnet og nærmiljøa.
Løna er gleda over å hjelpa andre.

Tysnes fekk sin frivilligsentral, "Kontakten", i 1997.

Kontakten er eigd av Tysnes kommune, men har sitt eige styre. Kontakten skal, i samarbeid med kommunen, organisasjonar og lokalbefolkninga, stimulera til auka frivillig aktivitet og ta vare på og utvikla det organiserte og uorganiserte frivillige arbeidet i kommunen.

Eit samfunn utan frivillig innsats er eit “dødt” samfunn, både på det kulturelle og på det sosiale planet. Skal ein få folk til å busetje seg på Tysnes og fortsetje å bu her, er det difor viktig å støtta den frivillige innsatsen, både innanfor og utanfor organisasjonslivet. På denne måten kan ein vere med på å skapa trivsel og engasjement.

Heimeside Tysnes Frivilligsentral

Kontakt oss

Tysnes Frivilligsentral

Telefon: 53437066
E-post: tysnes.frivilligsentral@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal