Årbakka gamle handelstad

Tysnes - ei mystisk øy

Tysnes er ei mytisk øy med mykje kultur og historie. Njardarlog, som er det gamle namnet på Tysnes, kjem av grødeguden Njord. Det var ei tid det religiøse senteret for store delar av Vestlandet. 

Det finst mange sjåverdige fornminner på Tysnes. Årbakka, den gamle handelsstaden, med Årbakkavollen der du kan sjå gravhaugar og bautasteinar. I dag finn du òg eit lite båtmuseum her.

Onarheim var tingstad og sete for Olavsgildet. På "Vossabakkjen", den gamle kyrkjebakken, kan du m.a. finna grava til Claus Pavels Riis, forfattaren av songen om Anne Knutsdotter. Uren Luren finn du også på Tysnes. Smio på Uggdalseidet ligg like ved riksvegen, og er som eit lite museum om livet i bygda før i tida.

Ein av dei eldste næringsvegane i Tysnes er kalkbrenning. Sør på øya har det vorte brent kalk sidan 1300-talet. Skogen har alltid vore viktig for Tysnes. I samband med "skottehandelen" frå 1500-talet selde ein tre, båtar og "ferdighus" og kjøpte tøy og reiskap. 

Kontakt oss

Administrasjon

Telefon: 53437000

Telefax: 53437011

E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal

Skjema