Tilsyn brannvern

Tysnes brann og redning informerar

Vestnorske  feietenester vil på  vegner av Tysnes kommune  utføra tilsyn i bustad i  områda Uggdalsdalen  - Reiso – Dalen – Hollekje – Dalland – Våge  (inkl Lande, Vee, Teigland og mot Gjerstad.) i 2015.

Tilsyna tok til 10.03 og vil fortetta utover året. Same firma vil og utføra feiing i området.

Feiing og tilsyn vert utført på forskjellige tidspunkt.  Tilsyna vert varsla  pr post eller melding i postkasse.

Det vert lagt ut informasjon for planlagt tilsynsarbeid for 2016 i desember 2015 på kommunen sine heimesider.

Tilsynet med eldstad og fyringsanlegg i bustad er ei oppgåve som kommunen er lovpålagt å gjennomføra  jf . Lov av 14. juni 2002 nr 20 (brann- og eksplosjonsvernloven) § 11 første ledd bokstav  h, og Forskrift av 26. juni 2002 nr. 847 Forskrift om brannforebyggjande tiltak og tilsyn (forebyggendeforskriften) kap. 7.

Krava til fyringsanlegget er nedfelt i brann- og eksplosjonsvernlova § 6, og Forskrift av 26. juni 2002 nr 847 (forebyggendeforskriften) kap.2.