Fosterheim

Tysnes barnevernteneste søkjer besøksheim

Tysnes barnevernteneste søkjer etter besøksheim i høve til born i alderen 1-4 år. Me treng vaksne med tid, rom og overskot i helger, samt til eventuell bistand på ettermiddagstid/timesavlastning.  

Føresetnaden for å bli besøksheim er at familien/personen har ein stabil livssituasjon og kan bidra til å gje barnet trygge rammer i eit stabilt miljø.

Barneverntenesta tilbyr rettleiing  til dei som er besøksheim.

Søkjar må vere fylte 18 år.

Det må leggjast fram politiattest.

Oppdraget vert lønna etter KS sine til ei kvar tid gjeldande satsar for besøksheim.

Tilsetjingstilhøve: oppdrag.

Arbeidstid: Etter avtale

Kontakt: Solfrid Burkeland Smith, tlf 97 60 84 60, e-post: sbs@tysnes.kommune.no