Endring i byggjereglar frå 1.juli 2015
Fleire tiltak vert med dei nye reglane unnateke søknadsplikt. Men det er viktig å merke seg at tiltaka ikkje må vere i strid med gjeldande plan for området, eller anna regelverk, til dømes grannelova, veglova, lov om kulturminner, lov om naturmangfald osb. Det er tiltakshavar sjølv som har ansvar for å avklare dette før byggjing tek til.