Hegglandshusa

Tilskot til verna kulturminne i Hordaland 2019

Hordaland fylkeskommune gjev stønad til konkrete vernetiltak på bygningar og anlegg.  Eig du eit verneverdig bygg eller anlegg og har planar om å ta vare på dette kan du søkje om tilskot.

Det vert ikkje gitt støtte til tiltak på kulturminne i statleg, fylkeskommunalt eige eller kommunalt eige, tiltak på freda kulturminne eller ordinært vedlikehald og drift.

Søknadene skal gå gjennom kommunen .

Det skal nyttast eige søknadsskjema.  Søknadsskjema finn du her:

Ta  eventuelt  kontakt  med Vibeke Øxnevad Stoltz før du søkjer  vibeke.stoltz@tysnes.kommune.no

Søknad sendast til Tysnes kommune, Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal eller post.@tysnes.kommune.no innan 5. november.