Startlån bustad

Tenesteomtale

Har du langvarige finansieringsproblem med bustaden, kan startlån bidra til at du kan skaffe deg ein nøktern og rimeleg bustad. Startlånet kan bli gjeve som topp- eller fullfinansiering til

  • kjøp av bustad
  • utbetring og tilpassing av bustad
  • toppfinansiering ved bygging av ny bustad
  • refinansiering av dyre lån slik at husstanden kan bli buande i bustaden

Startlånet er behovsprøvd, og kommunen kan gje startlån til personar som ikkje får lån eller tilstrekkeleg lånebeløp i ordinære kredittinstitusjonar. I vurderinga legg kommunen vekt på om du har langvarige problem med å finansiere eigd bustad og har nytta moglegheita til sparing innanfor dei økonomiske rammene du har.

Kriterium/vilkår

Busituasjonen din er ikkje tilfredsstillande. Du må kunne dokumentere kva husstanden kan betale samla og vere i stand til å betene renter og avdrag på lånet. Du må ha evne til å betene lånet over tid og fortsatt ha nødvendige midlar igjen til livsopphald.

Pris for tenesta

Startlån frå kommunen skal ta utgangspunkt i rente- og avdragsvilkåra i Husbanken.

Samarbeidspartnarar

Tilbodet er utvikla i eit samarbeid mellom KS, Husbanken, Sparebankforeningen, Finansnæringens hovedorganisasjon og staten.

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Du må søkje elektronisk. Bruk lenkja nedanfor. Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om startlån.

Vedlegg

  • Sjølvmelding for det siste året
  • Lønsslipp/trygdeutbetaling for dei to siste månadene
  • Dokumentasjon på anna inntekt enn løn eller trygd
  • Stadfesting av annan finansiering/eigenkapital
  • Kopi av gyldig legitimasjon

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle saken så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå den datoen du tok imot vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Held kommunen fast på avgjerda, blir saka send vidare til klagenemnda i kommunen for behandling.

Tjenesten oppdatert: 24.08.2016 13:46