Ridetur

Spelemidlar og leiaropplæringsmildar

Søknadsfrist Spelemidlar 1.11.2017 og Leiaropplæringsmidlar 30.11.2017.

SPELEMIDLAR TIL ANLEGG FOR IDRETT OG FYSISK AKTIVITET 2018

Idrettslag, andelslag og andre samanslutningar kan søke om tilskot innan desse stønadskategoriane:

  • Ordinære anlegg, tilskot til bygging og/eller rehabilitering av idrettsanlegg

Normalt tilskot ordinære anlegg: 1/3 av godkjend kostnad.

For nokre anlegg er det fastsett særskilte maksimale tilskotsbeløp.

  • Nærmiljøanlegg

For tilskot nærmiljøanlegg: 50% av godkjend kostnad inntil kr 300 000.

Det er kun eigar av anlegget som kan søke om tilskot frå spelemidlane. Tilskot i form av

av spelemidlar skal ikkje danne grunnlag for fortenestebaserte eigarformer.

Søknad må fremjast seinast i løpet av kalenderåret etter at anlegget er ferdig.

For nærare opplysningar eller spørsmål: Vibeke Øxnevad Stoltz 

Tlf. 53437021, Epost: vibeke.stoltz@tysnes.kommune.no

Føresegner, informasjonsmateriell kan hentast på følgjande nettstad og alle søknader skal sendast elektronisk, sjå: http://www.anleggsregisteret.no/

Søknadsfrist: 01.11.17

 

LEIAROPPLÆRINGSMIDLAR 2017

Lag og organisasjonar innan barne- og ungdomsarbeid, idretts- og kulturarbeid kan søke om tilskot til opplæring av leiarar på grunnlag av dokumenterte utgifter i 2017.

Søknad sendast, med kopi av bilag til kurs-og reiseutgifter, til Tysnes kommune, rådmannskontoret, Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal. Epost: post@tysnes.kommune.no

Søknadsfrist: 30.11.16.