barn leiker i sandkasse

Søknad om plass i barnehage for barnehageåret 2019/2020

For barnehageåret 2019/2020 har Tysnes kommune ledige plassar i følgjande barnehagar:

  • ONARHEIM BARNEHAGE
  • STJERNEREISO BARNEHAGE
  • VÅGSMARKA BARNEHAGE
  • LUNDE BARNEHAGE

Det kan søkjast plass 3, 4 eller 5 dagar pr. veke.

Søknader som er registrert pr. 1. februar 2019, vil vera avgjerande for kva driftsmessige endringar som evt. vert føreteke frå hausten av.

For barn som har plass inneverande barnehageår treng ein ikkje søkja på nytt, men det må gjevast melding til barnehagen om ein ønskjer å behalda plassen , evt. endra dagar/redusera/auka tal dagar osb.

Søknaden vert handsama ut i frå dei opplysningane som kjem fram på søknadsskjemaet, og etter gjeldande Vedtekter for barnehagane i Tysnes kommune pkt. 7 OPPTAK – OPPTAKSKRITERIER. Ein tek atterhald om at søknad om differensierte plassar ( 3, 4 d/v) må kunne samordnast slik at barnehagen sine ressursar vert nytta på beste måte.

 

Søknadsskjema finn ein på Tysnes kommune si heimeside. http://www.tysnes.kommune.no/barnehagar.321816.nn.html

Barnehage – ny plass

Søknaden må sendast innan 1. februar  2019.

Det vil kome svar i løpet av mars/april alt etter kva driftsmessige endringar ein må gjere. Ta kontakt om du saknar svar på søknaden din på tlf: 92423380

Kontakt oss

Born og utdanning

Telefon: 53437000

Telefax: 53437011

E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal