Pengar

Søknad om midlar frå Fondet til Tysnes Herreds vel 2017

09. 05. 17 - 15. 07. 17

Etter statuttane for fondet til Tysnes Herreds Vel kan det av rentene 2016 tildelast tilskot til føremål som kan tena til det ålmene beste i Tysnes kommune og desse føremåla er særskilt nemnde:

 

1.  Skogplanting.

2.  Yrkeskurs og yrkesopplæring.

3.  Hjelp til igongsetjing av praktisk arbeid.

4.  Hjelp til enkjer med born i høve naturulukker.

5.  Utsmykking av kyrkjer og planting på kyrkjegardar. I første rekkje Uggdal kyrkje og gravplassen på Amlandsstø.

6.  Utdanning av kunstnarar.

Det kan gjerast vedtak om at rentene skal oppleggjast heilt eller delvis gjennom fleire år, gjeve dei låge rentene p.t. vil dette vera ein del av styre si vurdering i årets handsaming.

Ved tildelinga frå fondet skal det ikkje takast politiske omsyn, og Uggdal sokn (grenser i 1939 med Sør-Reksteren) skal koma i første rekkje under elles like vilkår, til vanleg skal halvparten av midlane gå til føremål i dette soknet.

Kopi av statuttane finn du nedanfor denne artikkelen.

Søknad om tilskot frå fondet vert å senda til Ordføraren i Tysnes, Rådhuset, 5685 Uggdal, innan 14. juli 2017.