Skulemiljøet

Tenesteomtale

Både elevane, dei føresette og råd og utval som representerer desse, kan be om at det blir sett i verk tiltak som gjeld skulemiljøet. Skulen skal ta stilling til oppmodinga innan rimeleg tid og gjere eit skriftleg vedtak. Skulemiljøet omfattar både det fysiske miljøet slik som inneklima og leikeareal, og det psykososiale miljøet. Alle tilsette ved skulen har plikt til å undersøkje og eventuelt gripe inn dersom dei får mistanke om at det går føre seg mobbing, vold eller rasisme på skulen.

Alle elevar i skulen har rett til eit godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Målgruppe

  • Elevar i grunnskulen og vidaregåande skule
  • Elevar som nyttar skulefritidsordninga
  • Føresette 

Lover

Sjå spesielt
friskolelova § 2-4 Krav til skoleanlegg og skolemiljø
opplæringslova Kapittel 9A

Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler
Forvaltningsloven

Saksbehandlingstid

Skulen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak.

Høve til å klage

Er du misnøgd med vedtaket, kan du klage til skulen innan ein frist på tre veker frå du fekk det. Gjer ikkje skulen noko vedtak etter å ha fått tid til å vurdere saka, kan du likevel klage som om vedtaket var gjort. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Lèt skulen avgjerda stå, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Tjenesten oppdatert: 07.09.2017 09:46