Skatteoppkrevjar

Opningstider i Os rådhus sjå lenkje til høgre for heimesida til Os kommune:

Skatteoppkrevjaren i Os er skatteoppkrevjar på vegne av Tysnes kommune.

Terje Lågeide er skatteoppkrevjar.

Skatteoppkrevjaren har sjølvstendig ansvar for innkrevjing av skatt på vegner av kommunen, fylkeskommunen, staten og folketrygda. Dersom du ønskjer fleire opplysningar, kan du gå inn på heimesida til Skattetaten. Du finn lenkja i menyen til høgre.

Skatteoppkrevjaren har følgjande oppgåver:

  • Skatterekneskap
  • Avrekning av skatt
  • Innkrevjing av skatt
    Dersom krav ikkje blir betalt innan fristen kan skatteoppkrevjaren gjera krav om påleggstrekk eller motrekning. Skattekrav skal sikrast ved utlegg i eigedom og lausøyre.
  • Nedsetjing, ettergjeving eller betalingsordning av skatt
    Skatteoppkrevjaren er kommunen sin sakshandsamar i saker som gjeld nedsetjing, ettergjeving eller betalingsordning av skatt. Formannskapet gjer vedak i sakene.

Arbeidsgjevarkontroll
Skatteoppkrevjaren fører kontroll med at arbeidsgjevarane sender oppgåver, fører lønsrekneskap, gjennomfører forskotstrekk og påleggstrekk og betaler skatter og avgifter i samsvar med lover og forskrifter.

 

 

Kontakt oss

Skatt

Telefon: 56 57 50 00
Telefax: 56 57 50 01
Post: Os kommune, Skatteoppkrevjaren i Os/Tysnes, Postboks 84, 5202 Os
E-post: skatt@os-ho.kommune.no
Kontoradresse: Rådhuset, 5200 Os

Skjema

Relaterte artiklar