Kommunevåpen

Sjukepleiar/helsefagarbeidar, 80 %

Me har ledig to stillingar i open omsorg.

Vil du vere med på å forme, utvikle og yte gode tenester i open omsorg? Me i open omsorg, søkjer etter deg som er engasjert, dedikert, og ynskjer å yte trygge og gode tenester med høg fagleg kvalitet for brukarane våre.

I arbeidet vårt, får du møte pasientar i alle aldrer og med stor variasjon i hjelpebehov. Du får moglegheita til å utfordre deg, utvikle deg og tileigne deg mykje ny erfaring, i eit miljø som er oppteken av å vere fagleg oppdatert.

Grunna omorganisering med ny omsorgssenter i 2018, har talet på pasientar i open omsorg auka. Me har difor auka grunnstamma vår og oppretta fleire stillingar. Desse to stillingane er nyoppretta og vil gå inn i vanleg to-delt turnus med arbeid kvar 3. helg. Me søkjer fortrinnsvis etter sjukepleiarkompetanse, men dersom me ikkje lukkast å få riktig kompetanse til begge stillingane, kan me gjere fast tilsetjing av helsefagarbeidar i den eine stillinga.

Me vil gjere søkjarar oppmerksam på, at dersom me får søkjarar med fortrinnsrett etter aml §14-3, kan andre stillingsstorleikar verte ledig. 

For fullstendig lysingstekst, sjå link HER.

SØKNADSFRIST: 17.02.19

Kontakt oss

Administrasjon

Telefon: 53437000

E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset, Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal