• Du er norsk statsborgar og har fylt 18 år innan utgongen av 2019 og er, eller har vore, registrert busatt i Noreg

  • Du er statsborgar i andre nordiske land (det vil sei Danmark, Island, Finland eller Sverige), som har fylt 18 år innan utgongen av valåret, og som har vore registrert busatt i Noreg seinest 30. juni i valåret

  • Du er øvrig utanlandsk statsborgar, som har fylt 18 år innan utgongen av valåret, og har vore registrert busatt i Noreg samanhengande dei tre siste åra før valdagen. I dette tilfellet er det eit krav at butida har vore samahengande.

 

Er du innført i manntallet?

Manntalet er oversikten over alle som har røysterett i ein kommune. For å kunne røyste, må du stå innført i manntalet i den kommunen du skal røyste i.

Alle personar med røysterett vert registrert automatisk inn i manntalet i den kommunen der dei var registrert i Folkeregisteret som busatt per 30. juni i valåret. Dersom du har flytta til ein annan kommune etter 30. juni, er du framleis registrert i manntalet (og har stemmerett) i den kommunen du flytta frå.

 

Informasjon er henta frå www.valg.no