Reguleringsplan Krokjen - Lande
Tysnes kommunestyre har i møte 16.12.14 vedteke reguleringsplan for Krokjen – Lande, delar av gnr.94 Våge og delar av gnr.91 Lande.
Planen gjeld i hovudsak tilrettelegging av nye bustadbygg i form av fleirmannsbustader, men det er også opna opp for einebustader.
Planvedtaket kan påklagast til fylkesmannen i Hordaland.
Evt. klage skal vera skriftleg og sendast Tysnes Kommune, landbruk- og teknisk etat, 5685 Uggdal innan 30.01.15