Psykisk helse

Handlingsplan for tenester til menneske med psykiske lidingar i Tysnes kommune ligg til grunn for tenesta. Tenesta har følgjande personell:

  • Psykiatrisk sjukepleiar.
  • Psykisk helsearbeidar.
  • Psykisk helsearbeidar for barn og unge.

Samtale med psykiatrisk sjukepleiar eller psykisk helsearbeidar anten i heimen eller på kontoret etter avtale. Tilvising ved direkte kontakt eller gjennom lege.

Psykiatrisk sjukepleie vert tildelt etter lov om helsetenesta i kommunane. Søknader vert handsama fortløpande.  Ingen eigenbetaling.

Klage
Søkjar kan klage på vedtaket. Klagen skal sendast til Klageorganet i Tysnes kommune. Overordna klageorgan er Fylkeslegen i Hordaland.

Aktivitetssenter tilbod måndag og torsdag, dagsenter
Sosialt samvær, samtale, handarbeid, felles måltid, gåtur, biltur, trening med fysioterapeut

Opningstid: måndag kl. 10.00 – 14.00.

Torsdagsturen
Turgruppe for alle som har fri til å vera med.
Arr. Psykisk helse i samarbeid med friviljugsentralen ”Kontakten”.

Kvar torsdag kl. 10.00 – 13.00 ( 14.00)

Frammøte utanfor "Drøsegato" i Våge. Me dreg  derifrå i privatbilar ut til turområdet. Nye turløyper kvar torsdag – sjå plakat.