Personvernombod

Personvernombodet i Tysnes kommune skal medverka til at kommunen handterer personopplysingar i samsvar med regelverk og god praksis. Ombodet gjev tilbod om hjelp til innbyggjarar og tilsette i spørsmål knytt til personvern.

Personopplysingar er all informasjon eller vurderingar som kan vert knytt til deg som einskildperson.  All handsaming av personopplysingar er regulert av personopplysningslova og personvernforordninga. Dette regelverket skal ivareta ditt personvern gjennom å stilla krav til korleis slike opplysingar skal verta handsama.

Personvernombod er ei lovpålagt teneste og all offentleg verksemd har plikt til å ha eit personvernombod eller personvernrådgjevar.

Arbeidsoppgåvene til personvernombodet er å auka intern bevisstheit og kunnskap om personvern i kommunen. Ombodet skal på ein uavhengig måte vurdera om reglane i personopplysingslova vert fylgt i kommunen.

Personvernforordninga artikkel 37 – 39 gir utfyllande informasjon.

Personvernombodet skal mellom anna:

•          Hjelpa alle som er registrert med å ivareta rettane sine

•          Sjå til at handsaming av personopplysingar vert meldt til ombodet

•          Føre oversikt over handtering av slike opplysningar

•          Sjå til at dei som handterer personopplysingar har system for internkontroll

•          Peika på avvik i høve til lova ovanfor dei som handterer dine personopplysingar

•          Vera kontaktperson for Datatilsynet

Personvernombodet i Tysnes kommune kan berre hjelpa med spørsmål som gjeld opplysingar som er registrert hjå Tysnes kommune. Andre spørsmål må rettast til den verksemd som har registrert personopplysningane dine, eller til Datatilsynet.

 

Les meir om forordninga her:

Personvernforordninga

Personopplysingslova

 

Kontaktopplysningar personvernombod

Namn: Birgitta Kuik

E-post: personvernombod@tysnes.kommune.no

Telefon: 47 61 28 86

Postadresse: Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal

Kontakt oss

Administrasjon

Telefon: 53437000

Telefax: 53437011

E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal