GDPR

Personvernforordninga- GDPR

Den nye personvernforordninga trådte i kraft 20.juli 2018 og har som formål å sørgje for ei god ivaretaking av personopplysningar. Forordninga stil krav til at verksemder over ei gitt storleik og all offentleg verksemd, skal ha personvernombod eller personvernrådgjevar.

Tysnes kommune har som mål at informasjonstryggleiken og personvern skal vere ein naturleg del av vår verksemd.

Personvernombodet i Tysnes kommune skal medverke til at kommunen handterer personopplysingar i samsvar med regelverk og god praksis. Ombodet gjev tilbod om hjelp til innbyggjarar og tilsette i spørsmål knytt til personvern.

Personopplysingar er all informasjon eller vurderingar som kan vert knytt til deg som einskild person.  All handsaming av personopplysingar er regulert av personopplysningslova og personvernforordninga. Dette regelverket skal ivareta ditt personvern gjennom å stilla krav til korleis slike opplysingar skal verta handsama.

Personvernombod er ei lovpålagt teneste og all offentleg verksemd har plikt til å ha eit personvernombod eller personvernrådgjevar.

Arbeidsoppgåvene til personvernombodet er å auka intern bevisstheit og kunnskap om personvern i kommunen. Ombodet skal på ein uavhengig måte vurdera om reglane i personopplysingslova vert fylgt i kommunen.

For meir informasjon om personvernombodet og oppgåvene som ligg til denne funksjonen, gå inn i rubrikken Om Tysnes-> Administrasjon -> Personvernombod. Her ligg også fråsegna om personvern for Tysnes kommune.

 

Link til regelverk:

Personvernforordninga

Personopplysningslova