Personal

KLP-kontakt: Liv Erichsen.

Arkivansvarleg: Åse Dalland Haaland

Arbeidstakarar som har planar om å søkja om AFP eller alderspensjon i KLP må ta kontakt med Liv Erichsen helst ca. 4 md. i førevegen.

Hovudoppgåver:

Under personal ligg følgjande hovudoppgåver:

  • Arbeidsavtalar
  • Bedriftsintern attføring/oppfølging sjukemelde
  • Drift av internkontrollsystem for helse, miljø og tryggleik
  • Drøftingar og samarbeid med fagforeiningane
  • Gje råd og rettleiing til leiarar og tilsette
  • Informasjon til etatane
  • Opplæring
  • Organisasjonsutvikling
  • Permisjonssøknader
  • Rekruttering
  • Saksførebuing arbeidsmiljøutval, administrasjonsutval, forhandlingsutval,
    tilsetjingsutval, akanutval m.fl.
  • Stillingsannonsar
  • Tilsetjingar
  • Tolking av avtaleverk
  • Utvikling og ajourhald av aktuelle reglement og retningsliner
  • Velferdstiltak
  • Verne- og miljøarbeid

KLP - Kontakt

Liv Erichsen er KLP sin kontaktperson i kommunen. Dersom du har spørsmål vedkomande Kommunal Landspensjonskasse kan du kontakta henne på e-post her eller tlf. 53 43 70 14.

Du kan elles lasta ned fyldig informasjon frå KLP om; Pensjon, skadeforsikring, eigedom, finans, lån, KLP si heimeside.

Kommunal landspensjonskasse har også utarbeidd ei side som heiter Mi side KLP. Sjå lenkje til høgre. Der kan du som medlem i pensjonskassen logga deg på kva tid du måtte ønskja for å:

  • sjå pensjonsoppteninga di
  • sjå den framtidige pensjonen din
  • finna relevant informasjon om pensjon

SPK-Kontakt

Skulekontoret er kontaktpunkt mot Statens pensjonskassse.

På sida til Mi side SPK under lenkje til høgre kan du sjekka bustadlånet ditt, simulera alderspensjnen din, sjekke opptjeningstid og få oversikt over saker og henvendelser som er til behandling hos Statens pensjonskasse.

Hovudverneombod:

Hovudverneombod i Tysnes kommune er Synnøve Uglehus Sundal.