Veiskilt

Overgang frå matrikkeladressar til vegadressar

Det er gjort vedtak om innføring av vegadresser og skilting i Tysnes kommune den 16.01.1990. I høve til matrikkelforskrifta § 50 (1) skal alle bustadar, fritidsbustadar, næringsverksemder og offentleg eller publikumsretta verksemder få tildelt vegadresse.

I høve til matrikkellova § 21 er det kommunen som har adressemynde og som fastset offisielle adresser, etter regelverk og forskrifter. Etter krav frå kartverket skal det vere innført vegadresser i alle kommunar innan 2015.

Arbeidet består no hovudsakleg i å tildela husnummer + ev. bokstav. Kvar huseigar (grunneigar/festar) får tilsend brev om tildelt vegadresse.


Vegadresse består av vegnamn + adressenummer (med ev. bokstav) + ev. husværenummer, for bygningar med fleire husvære med felles inngang.

Per i dag har berre 4,5 % av alle adresseringsobjekt i Tysnes kommune fått tildelt vegadresse. Dei resterande bygningane har matrikkeladresse som består av gnr., bnr.  og ev. undernummer, dersom det er fleire brukseiningar med eigen inngang frå gatenivå på same eigedommen.

Vegnamn:

Største delen av kommunen vart inndelt i adresseparsellar og det er vedtatt vegnamn på dei fleste vegar i kommunen den 03.12.96 og 27.06.02. Når det vert regulert nye vegar i utbyggingsfelt så skal disse få tildelt vegnamn parallelt med planprosessen. Det er behov for å fatte vedtak på nokon nyare etablerte vegar, som ikkje vart fatta vedtaket om i 2002 samt å tildele eigne områdenamn, der det er adresseringsobjekt utan vegtilkomst, f.eks. på fjellet eller på holmar.

Adressering:

Arbeidet består no hovudsakleg i å tildela husnummer + ev. bokstav. Kvar huseigar (grunneigar / festar) får tilsend brev om tildelt vegadresse. Dei har rett til å klage på tildelinga i høve til forvaltningslovens bestemmelser. Det kan klagast på kva for veg det har blitt adressert til og adressenummeret. Vegnamn kan ikkje påklagast.

I høve til regelverket skal adresse knytast til den vegen der bustaden har godkjent tilkomst. Husnummer vert tildelt etter kantprinsippet (tettbygd strøk), avstandsprinsippet (spreidd busetnad) eller områdeprinsippet (områder utan veg).

Skilting

Parallelt med innføring av vegadresser må det setjast opp vegnamnskilt / nummerområdeskilt og husnummerskilt. Kommunen skal syta for oppsetjing av vegnamnskilt og nummerområdeskilt. Skilta skal settas opp i løpet av 2014. På grunn av omfanget kan arbeidet ta seg ut til byrjinga av 2015. Men formålet er at skilta skal settast opp etter kvart som områda er ferdig adresserte.

Det er grunneigar / festarar som er ansvarleg for å setja opp husnummerskilt. Det vart vedteke reglar om utforming og plassering av husnummerskilt den 12.03.96.