Sykehuskors

Døgntilbod øyeblikkeleg hjelp

Tilbod om øyeblikkelig hjelp ved Tysnes omsorgssenter.

 

 

Tysnes kommune har totalt 1 sengeplass til formålet, med forventning om inntil 182 liggedøgn pr. år. Tal på plassar er normtal henta frå Helsedirektoratet si normering i rettleiar. Normtalet er eit gjennomsnittstal, og det reelle talet vil til ei kvar tid variera i forhold til behovet. Tysnes kommune er i 2016 estimert til behov for ½  seng. Tysnes kommune vil etablera tenestetilbodet på Tysnes omsorgsenter.

 

Tenestetilbodet vil vera eigd av Tysnes kommune. Kommunen vil ha drifts-, personal- og fagansvar for det kommunale tilbodet om øyeblikkeleg hjelp døgnopphald. Tilbodet vil vera retta mot pasientar som har ein allmenntilstand som medfører at det ikkje er forsvarleg å behandla pasienten heime eller der han oppheld seg, det vil seia pasientar med helseproblem etter kriteriene i kap. 5.1 og som er nærare skildra i rettleiar,  punkt 4.1. Plassen for øyeblikkeleg hjelp døgnopphald ved Tysnes omsorgsenter vil vera organisert tett opp mot det ordinære institusjonstilbodet i kommunen.  Kommunen har ein plan med ein grunnkapasitet på 1 seng.

 

 

Kontakt oss

Administrasjon

Telefon: 53437000
Telefax: 53437011
E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal