skogbrannfare

OPPDATERING ETTER REGN

Då kom regnet og skogbrannfaren er redusert for denne gang.

Det betyr at «grillforbodet» er oppheva og ordinære reglar for årstida gjeld. Dvs forbod mot bål og grilling i og i nærleiken av skog og mark, elles minnar ein om den einskildes ansvar for å vurdere brannfaren ved aktivitet som kan medføre fare for brann.

Det har ikkje vore melding om brann eller branntilløp i tørkeperioden me har bak oss, dette set me stor pris på og vil rette ein stor takk til at folk har respektert forbodet.

Ønskjer alle ein fortsatt god sommar!

Brannsjefen