Omsorgsløn


Mykje hjelp, pleie og tilsyn i heimen vert utført av private omsorgsytarar.

Trass i offentlege tenester og støtteordningar er det private omsorgsarbeidet heilt avgjerande i samfunnet sin innsats for dei som treng hjelp og pleie.

Hovudformålet med omsorgslønordninga er å bidra til best mogeleg omsorg for dei som treng hjelp i dagleglivet og å gjere det mogeleg for private omsorgsytarar å halde fram med omsorgsarbeidet.

Omsorgsløn er løn til personar som har eit særleg tyngjande omsorgsarbeid i heimen.

Søknad om omsorgsløn vert å sende skriftleg til pleie- og omsorgsavdelinga.

Før søknad vert innvilga vil det bli gjennomført heimebesøk for å gjere ei vurdering av behovet.

Det er ingen eigenandel.

Lovheimel
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester § 3-1, § 3-6.

Klage
Søkjar kan klage på vedtaket. Klagen skal sendast til Klageorganet i Tysnes kommune. Overordna klageorgan er Fylkesmannen i Hordaland.