Komma deg til Tysnes
Reisetida til Bergen er om lag 1 time, og til Stord om lag 35 min.

Frå Bergen køyrer du E 39 til Halhjem og tek ferje til Våge. Ferja går om lag 10 gongar kvar dag. Sjå eigne ruter for bussamband til og frå Bergen sentrum.

Frå sør køyrer du E 39 over Stord til Jektevik og tek ferje derifrå til Hodnanes. 

På Fonnakart i menyen til høgre kan du søkja på bl.a. gnr./bnr. Her finn du også eit enkelt informasjonskart over Tysnes.

Hyttekommunen Tysnes
Her er nærare 1400 feriehus. I høve til talet på fastbuande er Tysnes den største hyttekommunen i Sunnhordland.

Naturen
Landskapet skifter frå blankskura svaberg i vest til frodige og særmerkte skogar i aust. Og midt i mellom ligg fjellområde med toppar opp i over 750 meters høgd.

Næring
Tysnes var tidlegare i størst grad ein jordbrukskommune, men har no små og mellomstore industriverksemder, bygg- og anleggsfirma, handverkarar, handel og offentleg- og privat tenesteyting som viktigaste næringsgrunnlag.

Kommunevåpen
Tysnes kommune har ikkje godkjent kommunevåpen, men kommunen har nytta merket to krosslagde økser med sparre over frå midt i syttiåra.

Historia
I middelalderen fann Olavsgildet stad på Onarheim i Tysnes. Det var ein brorskap som samla folk frå store delar av Sunnhordland og Hardanger. Etter dette Olavsgildet fann dei eit segl - to krosslagde økser med ei krone over -, og dette seglet vart seinare symbolet i Hordaland fylkeskommune sitt våpen. Sparrer over øksene i Tysnes sitt merke symboliserer at Tysnes hyste Olavsgildet.