Økonomikontoret

Økonomiavdelinga er ein stabsfunksjon i Tysnes kommune. Kontoret har ansvar for:

  • Økonomiplan
  • Budsjett
  • Rekneskap
  • Løn
  • Innkrevjing av kommunale krav
  • Fakturamottak

Økonomiplan

På vegne av rådmannen har økonomiavdelinga ansvar for at det vert utarbeidd ein økonomiplan for Tysnes kommune. Økonomiplanen byggjer på data frå årsbudsjettet og innspel frå etatane. Det er kommunestyret som avgjer kva tiltak, eller område av kommunen si verksemd som skal prioriterast. Økonomiplanen vert utarbeidd for 4 år fram i tid, og skal rullerast minst ein gong pr. år.

Budsjett

På vegne av rådmannen har økonomiavdelinga ansvar for at det vert utarbeidd budsjett for den kommunale verksemda. Budsjettet byggjer på budsjett frå føregåande år, innspel frå etatane, statsbudsjettet og økonomiplanen. Budsjettet vert vedteke av kommunestyret og gjeld for eitt år. Budsjettet er bindande for den aktivitet som skal vera det næraste året.

Rekneskap

Økonomiavdelinga fører rekneskap for Tysnes kommune og Tysnes kyrkjeleg fellesråd.

Kommunekassen betaler kommunen sine rekningar.

Løn

Økonomiavdelinga fører og betaler ut løn til dei tilsette i Tysnes kommune og Tysnes kyrkjelege fellesråd. Godtgjersle til folkevalde vert óg utbetalt over kommunekassen.

Innkrevjing av kommunale krav

Økonomiavdelinga krev inn betaling for alle kommunale krav. Dei største krava er betaling for opphald i barnehage, skulefritidsordning, musikkskule, renovasjonsavgift, eigedomsskatt, kloakkavgift og feiing.

Fakturamottak

Tysnes kommune har lagt til rette for mottak av elektronisk faktura på EHF-format. Me vil gradvis innføre dette formatet som eit krav til våre leverandørar.

Vår meldingssentral er SendRegning og vårt EHF-referansenr. er 959412340.

Fakturaer som vert sendt oss skal merkast med ressursnr. til bestillar (6 siffer utan tekst) i feltet «Deres Ref.».

 

Økonomi
Økonomi