Blåskjel

Offentleg høyring - Søknad om løyve til oppdrett av blåskjel og tare - Toneset

03. 07. 17

Tysnes kommune har motteke søknad om løyve til oppdrett av blåskjel og tare på lokalitet Toneset i Tysnes kommune.

Søknad gjeld eit nytt anlegg med ein maksimal tillaten biomasse på 800 tonn.

Arealet er avsett til akvakultur i kombinasjon med ferdsel/fiske/natur- og friluftsområde i gjeldande kommuneplan.

Søkjar er Lerøy Vest AS

Saksdokument ligg til offentleg ettersyn på Tysnes Rådhus i perioden. 

Høyringsfrist er 03.08.2017.

Ev. merknader til søknaden sendast Tysnes  Kommune, Uggdalsvegen 301,  5685 Uggdal eller på e-post: post@tysnes.kommune.no

Andre spørsmål – ta kontakt med Morten Anthonessen 53437018