Årbakka

Offentleg ettersyn - Kommuneplanen sin samfunnsdel 2018 - 2030

Foto: Carl Othar Olsen

Kommunestyre gjorde i møte 19.6.2018 vedtak med heimel i §§ 11-2 og 11-14, om  at framlegg til kommuneplan sin samfunnsdel skal leggjast ut til offentleg ettersyn.

Hovudføremålet med planarbeidet er å utarbeide ein revidert samfunnsdel til kommuneplan for perioden 2018-2030, som gjev dei overordna strategiar og mål for den langsiktige samfunnsutviklinga av Tysnes kommune.

Vidare har rulleringa av kommuneplanen sin samfunnsdel til hensikt å

• Forankre planarbeidet godt i kommunen, både politisk og administrativt.

• Involvere politikarar og innbyggjarar i ein tidleg fase.

• Skape ein arena for overordna diskusjonar om utviklinga av kommunen, og leggje til rette for aktiv medverknad frå innbyggjarar, næringsliv og organisasjonar.

• Styrkje kommunen i arbeid og førebuing for nye moment som følgjer i samband med fastlandstilknytting av E-39 og framtidig kommunestruktur.

• Klargjere kor me er og kor me vil, gjennom å vidareutvikle samfunnsplanen som eit retningsgjevande og tydelig styringsdokument med klare føringar for oppfølgjande planer og tiltak.

• Utvikle og klargjere samanhengen frå plandokument til kommuneplanen sin handlingsdel og gje kommunen eit betre grunnlag for framtidig arbeid med kommuneplanen sin arealdel.

 

Merknad til plan kan sendast  Tysnes Kommune Rådhuset, Uggdalsvegen 301  5685 Uggdal eller post@tysnes.kommune.no.

Frist for innsending av merknadar: 24.august 2018.

Kontakt oss

Administrasjon

Telefon: 53437000
Telefax: 53437011
E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal