Galanten

Offentleg ettersyn - endring av reguleringsplan Galanten gnr. 106 bnr. 7 m.fl.

Høyringsfrist 19.01.2018

Med heimel i §§ 12-10 og 12-14 i plan og bygningslova har utval Landbruk/teknisk i møte 28.11.17 gjort vedtak om å legga planframlegg ut til høyring og offentleg ettersyn.

Merknad til planframlegget kan sendast post@tysnes.kommune.no eller

Tysnes kommune, Rådhuset, Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal

Planframlegget gjeld endring av eksisterande reguleringsplan for Galanten stadfesta 2007, med utvida plangrense i sjø og auka næringsareal i samband med utviding og vidaresatsing på eksisterande næringsverksemd i planområdet.

Oppstart av planarbeid var godkjent av formannskapet 13.12.16, oppstart av planarbeid ble kunngjort 09.01.17.