Logo politiet

Offengleg høyring - revidering av politivedtekter

Formannskapet vedtok 15.05.2018 forslag til nye politivedtekter for kommunen. Forslaget skal i medhald av forvaltningslova § 37 leggjast ut til offentleg høyring. Høyringsfrist er 15.11.2018.

Politivedtekter er lokalt vedtekne reglar som fungerer som eit supplement til den ordinære lovgjevinga. Mange av vedtektene handlar om ro og orden på offentleg stad. På oppmoding frå Politidirektoratet, skal dei gjeldande politivedtektene for Tysnes kommune no reviderast.

Det framgår av forvaltningslova § 37 andre ledd at alle som forskrifta skal gjelda for, har høve til å koma med høyringsinnspel.

Forslag til reviderte politivedtekter inneber at me nyttar normalpolitivedtekta, men med følgjande tillegg i § 5-1, nr. 5:

 «å bruka eller selja heliumballongar eller tilsvarande.»

Framlegg til nye politivedtekter for Tysnes kommune.

Høyringsuttale kan sendast skriftleg til anten post@tysnes.kommune.no eller i vanleg post til:
 

Tysnes kommune
Uggdalsvegen 301
5685 Uggdal

Når høyringsfristen er ute vil mottekne innspel verta vurdert, og kommunestyret vil så vedta politivedtektene sin endelege ordlyd.