Kart høgdegrunnlag

Nytt høgdegrunnlag i kartdata i Tysnes kommune

Kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane er i ferd med å gå over til nytt nasjonalt høgdegrunnlag NN2000.

Tysnes kommune innfører NN2000 den 29.07.2015. 

Kartdata som blir levert av kommunen vil frå den 29. juli 2015 av ha andre høgdeverdiar (andre z-koordinatar) enn dei har i dagens NN1954 høgdesystem. Endringa inneber at ny høgdeverdi vil være større eller mindre enn gammal høgdeverdi med ein forskjell opp til 14 cm i Tysnes kommune. Det vert ikkje endringar i grunnriss (x- og y-koordinatane)  og endringa gjeld heller  ikkje historiske eller analoge kart.

Tabell høgdegrunnlag.png

Kart viser genererte Isolinjer som gir ein peikepinn på høgdeforskjellen mellom gamalt NN1954 og nytt NN2000.

Kva er NN2000?

NN2000 er det nye vertikale datumet som vil erstatte NN1954. NN1954 er eit 60 år gamalt system som ikkje lengre held mål.  NN2000 vil vere eit mykje meir homogent og einsarta vertikalt datum. Det vil gjere det mogleg å utnytte satellittbasert måleteknologi til høgdebestemmelse på ein god måte.

Gamalt NN1954 er fysisk knyta til eit bestemt fastmerke (fundamentalpunkt) ved Tregde vannstandsmåler (i Mandal). NN1954 er ikkje korrigert for landheving og endra middelvassstand. Nullnivå i NN2000 er representert ved ei referanseflate (geoiden) som harmonerer med middelvasstand i referanseåret 2000.

 

 

Konsekvensar

Endring av høgdereferanse vil krevje ei omrekning av alle høgdebærande data som gjeld offentlege etatar, planleggjarar, arkitektar, entreprenørar og landmålarar som jobbar i og for Tysnes kommune. Dei kommunale kartdatabasane som er tilgjengelege for sal gjennom Kommunen eller via Kartverket, får nye NN2000-høgder frå 29. juli 2015.

Det er svært viktig at brukarar av kommunen sine kartdata, er merksame på denne overgangen og ikkje blandar gamle og nye data med ulik høgdereferanse. Dette gjelder spesielt for høgdeplassering av tiltak ved utstikking og leveranse av måledata for avslutta byggeprosjekt.

Matrikkelen transformerast ikkje. Alle høgdedata som ligg i DEK er fortsatt i NN1954.

Merking av data

For å unngå mistydingar etter overgangen må kart, teikningar og dataleveransar merkast med korrekt høgdereferanse. For eksempel vil uttrekk av data til ei SOSI-fil etter gjennomføringsdato, alltid kodes med …VERT-DATUM  NN2000 i SOSI-fila sitt hovud. Dersom ein blandar høgdedata frå forskjellige system utan å vere klar over det, kan det få store konsekvensar!

Høgdene i en GPS refererer seg til ellipsoiden. For å måle høgder i NN2000 treng ein høgdereferansemodell (geoidemodell/HREF-modell).

Entreprenørar, landmålingsfirma og andre som vil ha tilgang til den nye HREF høgdereferanse- modellen kan ta kontakt med Kartverket.

Les meir hos Statens Kartverk:

meir info om NN2000 og overgangen.

Innføring av NN2000 i Sogn og Fjordane og Hordaland

 

 

Kontakt oss

Administrasjon

Telefon: 53437000
Telefax: 53437011
E-post: post@tysnes.kommune.no

Adresse: Rådhuset,
Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal