
Ny leiar for Frivilligsentralen
01.mai starta Per Verner Aase i stillinga som leiar for Frivilligsentralen etter Sissel Claussen.
Per Verner har blitt godt motteken og har nådd å møte mange av dei frivillige, samt delteke på fleire av aktivitetane som sentralen driv.
Han gler seg til å jobba vidare med dei nye arbeidsoppgåvene sine, avslutta arbeidsforhold i Bergen og fokusera meir på drifta av sentralen vidare.
Per Verner likar å få til noko, så det er ikkje utenkjeleg at det kjem nye arrangement eller tilbod i Frivilligsentralen framover.
Har du nokre idear, ynskjer rundt aktivitetar/tilbod eller tenkjer på å bli frivillig? Ta kontakt med Per Verner på tlf 995 65 928.