flyktningkonsulent

Ny flyktningkonsulent

Silje Lunde har starta i stillinga som flyktningkonsulent og er allereie kome godt inn i dei ulike arbeidsoppgåvene.

01.mars starta Silje i stillinga som flyktningkonsulent etter Steinar Rosset. Ho seier det er kjekt å koma heim til Tysnes, etter fleire år borte, og synes det er fantastisk å kunne jobba her. No slepp eg pendling og eg kjenner mange av samarbeidspartnare og kollegaer frå før!

 

Korleis har dagane vore etter oppstart?

Dagane har vore, og er, både varierte og hektiske. Me er mykje ute i nærmiljøet, har oppfølging av flyktningane der dei er og hjelper dei med ulike ting.

 

Kva likar du best med jobben så langt?

Eg trivast veldig godt med kollegaene mine, at dagane er varierte, at det er mykje praktiske oppgåver og kontakten med flyktningane. Eg likar òg at ein ser fortløpande resultat av jobben ein gjer.

 

Kva har du gjort før du starta her?

Då arbeidde eg som jobbkonsulent i Fretex og hadde oppfølging av arbeidsledige. Før dette har eg vore student- eg har teke to bacherlorgradar, ein i utviklingsstudier og ein i sosialantropologi.

 

Kva gjer du på når du skal slappe av og har fri?

Då likar eg å trene styrke, gå turar i fjellet, vere saman med venner og familie. Så spelar eg handball!