Kjernejournal

No får du din eigen kjernejournal

03. 03. 15

1. mars får alle innbyggjarane i Tysnes kommune ein kjernejournal der du blant anna kan leggja inn dine eigne opplysninger til helsepersonell. Då kjem han på plass i heile Helse-Vest.

I kjernejournalen vert det samla viktige helseopplysingar som både den einskilde innbyggjar og helsepersonell har tilgang til.

Det vil vera ein tryggleik at dei viktigaste helseopplysingane om deg er raskt tilgjengelege for helsepersonell. Kjernejournal vil gje deg tryggare helsehjelp i akutte situasjonar,

Kjernejournal vert oppretta 1. mars og alle som er folkeregistrerte i kommunen vil få ein kjernejournal, dersom dei ikkje allereie har reservert seg frå det.

Du finn meir informasjon nedanfor:

Informasjon om kjernejournal PDF document ODT document

Kjernejournal-flyer

Helsenorge.no - den offentlege helseportalen