Nedgravne oljetankar

Tenesteomtale

Som grunneigar står du ansvarleg for at ein oljetank på eigen eigedom alltid er i forsvarleg stand. Seinast éin månad før ein oljetank gravast ned, skal du gje skriftleg melding til kommunen om

  • storleiken på tanken 
  • konstruksjon 
  • korrosjonsvern 
  • alder 
  • karttilvising av kor du ønskjer at tanken skal leggjast ned på eigedommen

Det skal utførast periodisk kontroll av oljetanken, og talet på kontrollar avheng av tanktype. Skriftleg dokumentasjon på at tanken er kontrollert og godkjend skal sendast til kommunen. Tankar som permanent blir tekne ut av bruk, skal normalt tømmast, gravast opp og leverast til eit godkjent mottak. Melding om dette skal sendast til kommunen. Nedgravne oljetankar er ei stadig større kjelde til forureining av grunn og vassdrag og kan vere til skade for både helsa og miljøet.

Det kan bli forbode å fyre med fossilt brennstoff i 2020.

Målgruppe

Huseigarar/grunneigarar

Kriterium/vilkår

Oljetanken er graven ned til under bakkenivå og ligg slik til at ikkje heile tanken kan inspiserast utvendig.

Lover

Sjå ureiningslova § 7 Plikt til å unngå forurensning og ureiningsforskriften kap. 1 Tiltak for å motvirke fare for forurensning fra nedgravde oljetanker

Forurensningsforskriften
Forskrift om håndtering av farlig stoff
Forurensningsloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Ta kontakt med oljeselskapet som fyller tanken. Dei kan gje deg informasjon om firma som utfører tilstandskontroll eller utskifting av tank. Du kan også søkje på "gule sider" på Internett etter firma under oljevern eller farleg avfall. 

Tjenesten oppdatert: 22.05.2017 15:01