Terning

Nav Tysnes får terningkast fem!

Brukarundersøkinga for Nav Tysnes i 2016 viser at Nav Tysnes leverer gode tenester til innbyggjarane i kommunen. Tysnes ligg blant dei fem høgst rangerte kontora i Hordaland som har gjennomført brukarundersøkinga i 2016.

34 kontor deltok, og snittet i Hordaland ligg på 4,7. Nav Tysnes har gjennomsnitt score på 5,4 av 6 moglege.

 

Formålet med undersøkinga er at dei som nyttar tenester  får høve til å  påverke tenesteutøvinga. Nav nyttar resultata til forbetring. Hovudspørsmåla i den lokale brukarundersøkinga handlar om følgjande tema: opplevd respekt og service, rettar, informasjon og tilpassing av denne, samt om tilrettelegging av sjølve brukarmøtet.  Nav gjennomfører undersøkinga kvar haust.