Barnefattigdom

Nasjonalt tilskotsordning for inkludering av barn i lavinntektsfamiliar

Offentlege instansar, private aktørar og frivillige organisasjonar kan søke om tilskot. Søknadsfrist  for tilskotsåret 2019 er 10. desember 2018

Bakgrunn: Regjeringa har eitt mål om at alle barn, uavhengig av forelda sin økonomi, skal ha høve til å delta jamleg i minst ein organisert fritidsaktivitet saman med andre. Nasjonal tilskotsordning for inkludering av barn i lavinntektsfamiliar skal bidra til å nå dette målet. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) utlyser ordninga.

Målet med tilskotsordninga er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom. Tilskotsordninga skal vere eit verkemiddel for å betre mulegheitane for at fleire barn og ungdom skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldra si inntekt og sosiale situasjon. Det skal ikkje bli stilt krav om kunnskap, politisk ståstad eller religiøs bakgrunn for å delta. Tilbudet skal så langt det er muleg ha lave eller ingen kostnader.

Kven kan søkje: Offentlege instansar, private aktørar og frivillige organisasjonar kan søkje om tilskot.

Søknadsfrist:
Søknadsfrist for tilskotsåret 2019 er 8. desember 2018.

Bufdir sin søkarportal: https://soknadsportal.bufdir.no/#login

Regelverk og rettleiar kan ein finne på www.bufdir.no/ sine nettsider.